Forum R53 - utsett til neste år

Det er med tungt hjarta me må informera dykk om at me no har teke beslutningen om å avlysa årets seminar og heller satsa på neste år. Dette er av hensyn til sikkerheita til partnarar, kundar og alle andre involverte i arrangementet vårt. Det er fleire av produsentene som skulle halda foredrag som dessverre ikkje får lov til å reise pga. restriksjonar i eigen organisasjon. Det er og kundar som har måtta melda avbud av samme restriksjonar, så…

Det er så mykje usikkerheit rundt korona for tida, at me ikkje heilt veit kva som skjer framover. Det er ut frå ei sikkerheitsvurdering at me har konkludert med at det beste vil vera å venta til neste år (same tid – same stad 😊). Me beklagar dette, men håpar på forståing for beslutninga.

Når det er sagt, så kjem me til å ta kontakt med dykk for å høyra om det kan vera av interesse å bli med oss på eigne små arrangement. Då ser me føre oss workshops/miniseminar med kvar og ein av dykk, der me saman med produsentane som skulle vera med oss på Forum R53 i år, vil presentera det som skulle vera på agendaen i årets Forum R53.

Igjen – me beklagar dette, men ser eigentleg ingen annan utveg.

Ynskjer dykk alle ein fin sommar 😊

AGENDA

Korleis kjem me oss dit?

Damvoktaren ligg på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Tyin/Tyinkrysset, under finn du vegbeskrivelse frå Øvre ÅrdalTyinkrysset.

Kjem du frå Fagernes/Vang – ta til høgre  i Tyinkrysset i retning Årdal. Kjem du frå Hemsedal/Lærdal ta til venstre i same krysset.

Vidare: Følg Fylkesveg 53 i 19,8 km – ta deretter av til venstre og køyr vidare i ca. 1,2 km (sjå bilete/kart under)

(Ifrå Øvre Årdal køyrer du tilsvarande ca. 17 km før du tek av til høgre)

WordPress Appliance - Powered by TurnKey Linux